DEN ANNSAME
Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter,
dei ansar han aldri på.Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.Så lid det til endes på dagen.
Han står der, studd over stav
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar er det vorte av?Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen
men nådde han aldri att.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar